Kven er best på frivilligheit i Hordaland og Sogn og Fjordane? 

Blant kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har berre Austevoll, Sund, Bergen, Askøy, Jondal, Flora og Eid en frivilligheitspolitikk.

Informasjonen på kartet er basert på søk på kommunenes nettsider og kartet blir kontinuerlig oppdatert.   Grøn: Har ein heilskapleg frivilligheitspolitikk: Frivillighet Norges kriterier er at kommunen har utarbeidet ei eig frivilligheitsmelding, som inneheld tiltak som skaper vekst og utvikling for frivillig sektor. Innhaldet må vere utvikla i dialog med breidda av lokale frivillige organisasjonar og ha vore gjennom ei politisk behandling. Gul: Er i ferd med å utvikle en frivilligheitspolitikk: Kommunen er i prosess med å utvikle ein kommunal frivilligheitspolitikk i dialog med den lokale frivilligheita. Raud: Har ingen frivilligheitspolitikk.    

Nyhende

Det offentlege ønskjer stadig meir samarbeid med frivilligheita. Ofte trekkjer politikarane  fram frivilligheit som viktig, og som en nøkkel til betre folkehelse, fritidsaktivitetar for unge og aktivitet for eldre. Blant kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane er det likevel berre sju som har ein frivilligheitspolitikk. Frivillighet Norge utfordrar politikarane til å løfte frivilligheita i valkampen.

Limet

– Frivilligheita er limet i lokalsamfunnet og bidreg til aktivitet og betre folkehelse. Då er det synd at ikkje fleire kommunar strukturerer arbeidet med breidda av frivilligheita, seier generalsekretær i Frivillighet Norge Stian Slotterøy Johnsen. 

– Når kommunen og frivilligheita samarbeider kan ein oppnå meir enn ein kan kvar for seg. Derfor håper vi fleire vil prioritere dette og utviklar frivilligheitspolitikk innan frivilligheitsåret 2022, seier Slotterøy Johnsen. 

Kulturdepartementet har vedtatt at 2022 er Frivilligheitas år. Frivillighet Norge meiner at dette er eit fantastisk høve til å løfte fram frivilligheita lokalt. Vi utfordrar derfor alle kommunar til å vedta en frivilligheitspolitikk før dette. 

Frivilligheita skaper gjennom eit mangfald av aktivitetar unike verdiar i lokalsamfunna, som bidreg til bulyst, tillit, inkludering, fellesskap, lokalt tilhøyre, trivsel og betre folkehelse. For at frivilligheita skal kunne lukkast endå betre må kommunane legge til rette for breidda av organisasjonar.

Behovet for frivilligheitspolitikk  

– På same måte som næringslivet er frivilligheita ein samfunnssektor. Så godt som alle kommunar har ein næringslivspolitikk, men dei færraste har ein frivilligheitspolitikk, seier Johnsen. 

Frivillighet Norge kartlegg kva kommunar som har ein heilskapleg frivilligheitspolitikk på bakgrunn av informasjon frå kommunane. I dag er det omtrent 18prosent av landets kommunar som enten har eller jobbar med en frivilligheitspolitikk.

– Ein lokal frivilligheitspolitikk gjer at kommunen legg til rette for gode vilkår for frivilligheita igjennom systematisk arbeid. Den må gje både dei frivillige organisasjonane og kommunen oversikt over korleis ein skal halde seg til kvarandre og skape vinn-vinn situasjonar, påpeikar Slotterøy Johnsen. 

Kart over frivilligheitskommuner

Frivillighet Norge har laga, og oppdaterer jamleg, ei nasjonal oversikt over kommunar som har ein vedteken frivilligheitspolitikk. Dette er den einaste samla oversikta over kommunar som har vedteke ein frivilligheitspolitikk, og kommunar som er i prosess.

Då kartet blei innført i 2017 hadde 41 kommunar (12 prosent av landets kommunar) ein frivilligheitspolitikk. No i juli 2019 har 64 kommunar ein kommunal frivilligheitspolitikk (14,7%).

Jobbe systematisk

– Det er gledeleg at fleire kommunar ser kor viktig der er  jobbe systematisk med dei frivillige organisasjonane. Vi håper no at det blir endå fleire som prioriterer dette framover, for målet er at 100 prosent av landets kommunar utviklar ein kommunal frivilligheitspolitikk, seier Slotterøy Johnsen.

Frivillighet Norge rettleiar kommunar i korleis ein utviklar ein slik politikk, altså eigne planar med konkrete tiltak for å skape vekst og utvikling i frivillig sektor.