Les leiaren frå fredagsavisa:

Helse i kvart steg

  Foto: privat

Utan at foreiningar som saniteten engasjerer seg, hadde det vore endå fleire som hadde sitte åleine.

Nyhende

Dei fire sanitetsforeiningane frå Selje, Bryggja, Kjølsdalen og Nordfjordeid har vore på sin første fellestur. Heile 80 turgåarar var nyleg med på tur til Lefdalsvatnet.

Her ligg 4H sin nye «Draumeplassen» med gapahuk, som er meint å bidra til at folk i den nye Stad kommune skal bli betre kjent med kvarandre. Folk frå Bryggja og frå bygder i både Eid og Selje har lagt ned stor innsats for å få bygget ferdig.

Fleire draumeplassar er i ferd med å ta form rundt om i distriktet vårt. Freidig 4H realiserer sin eigen draumeplass på Stårheim, etter å ha fått god draghjelp frå det lokale næringslivet.

Nyleg fekk Stadlandet Idrettslag og Barnas Turlag på Stadlandet pengegåve til sin Draumeplass som skal lagast i Borgundvåg.

Målet er at draumeplassane skal vere for alle, lett tilgjengelege og nært naturen.

I dag hyllar vi slike fellesturar. Det er ikkje berre helse i kvart steg. Men å kome ut i naturen, sjå det vi har rundt oss i nærområdet, gir oss så mykje meir. Både sosialt – å treffe andre, men også ro i sjela.

Laksefiskarane framsnakkar det å stå ved elvebredda, kjenne roa senke seg, og berre høyre det stille. Det har meirverdi i ein travel kvardag. Vi treng det.

Norske Kvinners Sanitetsforening har 41.000 medlemmer fordelt på 650 lokalforeiningar. Dei engasjerer seg mellom anna for kvinner si helse og livsvilkår, og at barn og unge skal få omsorg og gode opplevingar.

Slike turar som dei fire lokale sanitetsforeiningane nyleg hadde er viktig, også for dei som kanskje slit med einsemd og treng å kome ut og treffe andre. Utan at foreiningar som saniteten engasjerer seg, hadde det vore endå fleire som hadde sitte åleine. Der kvar dag stort sett er lik den førre. Takk til alle sanitetskvinner og frivillige som engasjerer seg!