Dermed kjem ein bubilturistane i møte.
- Dette har vore etterlyst i lang tid frå bubilturistane, fordi her ikkje har vore nokon plass i Selje dei kan tømme, fortel Merete Nerland, kommunalsjef tekniske tenester i Selje kommune.
Den nye tømmestasjonen er plassert på Hamre, på nedsida av sjukeheimen.
- Vi fekk to tømmestasjonar inn på investeringsbusjettet med ein kostnad på 600.000 kroner. No er den i Selje på plass, medan vi skal jobbe vidare med den som skal settast opp på industriområdet på Stadlandet, fortel Nerland.