Venstre ville spreie arbeidsplassane i Vestland fylke

Tullete forslag sa Ap og Sp

– Eg er svært skuffa over både Senterpartiet og Arbeidarpartiet som ikkje ville behandle ei så viktig sak.

Skuffa: Gunnhild Berge Stang (V), medlem av fellesnemnda i Vestland fylke, er skuffa over Ap og Sp som avviste å drøfte korleis fylkeskommunen kan legge betre til rette for å vere ein arbeidsplass for heile fylket.   Foto: Rebecca Amber

Nyhende

Det seier Gunnhild Berge Stang, medlem av Fellesnemnda for Vestland fylke, etter at Sp og Ap sine representantar i Fellesnemnda sa nei til å realitetshandsame ei sak innsendt av Venstre sin representantar i fellesnemnda, Gunnhild Berge Stang og Anne Beth Njærheim.

Utanfor sakslista

–Saka som vi ønskte at fellesnemnda skulle behandla handla om korleis fylkeskommunen kan legge betre til rette for å vere ein arbeidsplass for heile fylket. Ikkje minst er dette viktig i ei tid der det kjem til å bli endringar, som til dømes i Statens vegvesen sine tenester til bilbransje og publikum. Først vart vi overraska over at saka, som var sendt inn innan fristen, ikkje stod på sakskartet. Etter å ha fått avklart at saka vår hadde hamna i slamfilteret, fekk vi skrive ut framlegget og lagt det fram for medlemmane i Fellesnemnda. Bakgrunnen for forslaget har samanheng med at fylkeskommunen er ein stor kompetansearbeidsplass, og at det er viktig at fylkeskommunen bidreg til gode fagmiljø i alle bu- og arbeidsmarknadsregionar i det nye fylket, seier Gunhild Berge Stang, som blant anna viser til dei sterke fagmiljøa i Nordfjord.

Reformarbeid

– I samband med regionreforma er staten tydelege i si utfordring til fylkeskommunane om at vi ikkje berre må rope på staten når det gjeld desentralisering av statlege arbeidsplassar, men at vi må ta vårt ansvar når vi lokaliserer våre arbeidsplassar, seier Gunhild Berge Stang.

Fleksible ordningar

– Intensjonsavtalen om samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland har fastsett kvar dei ulike avdelingane skal ha hovudkontor. Vi meiner det, at vi innanfor ramma i intensjonsavtalen er rom for å sjå nærare på korleis vi kan få til meir fleksible ordningar på arbeidsstad for tilsette, for å sikre god rekruttering og at fylkeskommunale arbeidsplassar kjem heile fylket til gode. Dette er ikkje minst viktig med tanke på at det er eit sentralt mål å få overført fleire oppgåver frå staten og dermed fleire fylkeskommunale arbeidsplassar. Ikkje minst er dette viktig fordi fylkeskommunale arbeidsplassar kan vere ein ressurs i å byggje sterke fagmiljø i heile det nye fylket, seier Gunnhild Berge Stang.

Strategisk uklokt

–Venstre meiner det er strategisk uklokt å ikkje ta opp denne saka, med bakgrunn i at departementet ber om klare synspunkt på saker som endringane i Statens vegvesen der ein går for ei omlegging frå divisjonar til regionar. Som distriktsfylke utfordrar vi med jamlege statlege sektorar og næringsliv i hovudstadsområda på viktigheita av å desentralisere og spreie makt. Vi utfordrar på at kompetansen er jamt fordelt i landet og at offentleg sektor er ein viktig ressurs i å bygge sterkt og mangfaldig arbeidsliv.