Smilande og nøgde turistar under første «cruiseday» på Nordfjordeid

– Eid is «just like Hollywood»

– Dette er akkurat som Hollywood. Just perfect and very beautiful, sa Monika frå Tyskland då ho sikra seg ein «Kviaviking» på sitt første cruisebesøk på Nordfjordeid tysdag denne veka.

Monika Walter (i midten) kjøpte med seg ein lokal viking heim til Halle nordaust i Tyskland, på tur saman med veninna Inge. Begge let seg begeistre av natur og kultur på Nordfjordeid. Inger Lise Nordnes (t.h.) selde sine strikka vikingar på den første cruisedagen. 

Nyhende

Og skal ein tru smilande fjes og positive kommentarar frå cruisegjestene blei det bestått karakter for den første cruisedagen på Nordfjordeid. Etter at AIDAperla med opp under 4000 passasjerar og eit mannskap på 900 la til seawalken på Nordfjordeid rundt klokka halv åtte tysdag morgon.