Gav underskotsgaranti

Eid kommunestyre gav spelet Elskhug og Eksis underskotsgaranti.

Elskhug og Eksis går i år av stabelen i perioden 28. til 30. juni.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Elskhug og Eksis som i år går av stabelen på Plassen frå 28. til 30. juni 2019, har søkt Eid kommune om ein underskotsgaranti avgrensa oppover til 50.000 kroner. Då formannskapet handsama saka føreslo Arild Nøstdal (V) at kommunen gav Elskhug og Eksis ein underskotsgaranti avgrensa til 25.000 kroner.

Under kommunestyremøtet torsdag føreslo Nikolai Åshamar at kommunen burde imøtekome søknaden med 50.000 kroner i underskotsgaranti. Etter ein kort debatt vart det røysta over dei to forslaga. Kommunestyret vedtok å gje Elskhug og Eksis ein underskotsgaranti på 25.000 kroner.