Anders Felde:

– Eg ser fleire positive grep

– Regjeringa gjev i revidert statsbudsjett ein positiv stimuli til norsk økonomi, og Bondelaget reknar sjølvsagt med at dette fører til at Regjeringa kjem med eit skikkeleg løft i ramma til jordbruksoppgjeret.

Anders Felde er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.   Foto: Pressefoto

Nyhende

Det seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag i ein kommentar til regjeringa sitt reviderte  nasjonalbudsjett som vart lagt fram tysdag 14. mai.

–Det er også sett av pengar til konkurransetilsynet for å etablere tilsyn med daglegvarehandelen og matindustrien. Bakgrunnen er at det no kjem ei lov om god handelsskikk. Vi har forhåpningar om at dette styrkjer matprodusenten sin plass i verdikjeda.

Fleire lyspunkt

– Redusert alkoholavgift for siderprodusentar, betrar konkurransevna til norsk frukt, og det er bra, seier Felde som legg til at det også er sett av  50 millionar til breibandutbygging, og at det er avgjerande for verdiskaping og busetting i distrikta.

– Men det er på langt nær nok for å sikre framtidsretta infrastruktur i distrikta, seier han.

Etterlyst fondsordningar

Ifylgje Felde har landbruket  i lang tid etterlyst fondsordningar, som eit skattemessig insitament for å gjere landbruket betre rusta for klimaendringane og for å gjere investeringar på garden som kuttar i klimautsleppa.

–  Det er skuffande at Regjeringa heller ikkje i revidert budsjett for 2019 kjem landbruket i møte på dette punktet.