«Kjærleik er kjærleik» stilt ut på Bygdepride 2019

Viser kjærleiken i prosjekt

– Den viktigaste bodskapen ein kan ta ut av prosjektet er å vise at to likekjønna kan leve i kjærleik og harmoni. Det at vår kjærleik er like naturleg som ”Per og Kari” sin. Det at vi er ein familie.

Kunstprosjekt: Rune Larsen og Ole Alexander Brobakk, som har busett seg i Eid, er blant para som er med i prosjektet «Kjærleik er kjærleik» som var stilt ut i Ørsta under Bygdepride 2019 sist veke. – Det har vore eit spennande prosjekt, og vi er veldig stolte over at vi fekk vere med, fortel ekteparet.   Foto: Olin Maria Yri

Du skal vise verkeleg affeksjon og kjærleik som ein skal kunne sjå igjen på bilda.

Ole Alexander
Nyhende

Det seier Rune Larsen og Ole Alexander Brobakk. Dei to er blant para som har vore med i kunstprosjektet «Kjærleik er kjærleik» av Åse Huse og Kristin Eide som har vore stilt ut i Ørsta sist veke i forbinding med Bygdepride 2019. Sjølv er dei to svært imponerte og ikkje minst stolte over resultatet av bilda som viser universell kjærleik. Så fornøgd er dei at eitt av bilda skal opp på veggen, når dei to har blitt samde om kva bilde.