Oppmodar om sjekk

Gjerda kan utgjere ei fare

Statens vegvesen oppmodar grunneigarar som har gjerde langs vegen til å ta ein sjekk av gjerda, utbetre dei som er nedslitne og fjerne gjerda som ikkje er i bruk.

Ifølgje Statens vegvesen kan gjerde som ikkje er vedlikehaldt utgjere ei fare. No oppmodar dei grunneigarar om å sjekke gjerdene langs vegen.   Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Grunnen til dette er at det vil vere lettare og sikrare for dei som driv kantslått langs vegane.

– Vi har hatt mange uhell med at gjerdenetting og stålstreng ligg i graset og viklar seg inn i kanstlåttmaskina. Dette er svært farleg for den som sit i kanslåttmaskina, seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Kvart år har driftsentreprenørane, som driv med kantslått, problem med dårlege gjerde som står både langs riksvegar og fylkesvegar.

– Det hadde vore fint om dei som har gjerde langs veg tek seg ein runde for å sjå til gjerda, gjer naudsynt vedlikehald og eventuelt fjernar gjerde som ikkje er i bruk. Mange held gjerda sine godt og passar på, men nokre gjerde står til nedfalls og vert ikkje vedlikehalde. Nokre stader haller gjerda inn mot vegen og hindrar kantslått og gjer det vanskeleg for oss å få fine vegkantar. Og nokre stolpar står som spyd inn mot vegen og kan utgjere ei fare, seier Karlsen.

Reglane

Ifølgje Statens vegvesen skal gjerde langs veg vedlikehaldas på ein ansvarleg måte. Stolpane skal stå vertikalt med maks 2,5 meter avstand og både tråd og netting skal vere godt stramma. Det er ulovleg å bruke gjerde med piggtråd inn mot veg. Også steingjerde skal vedlikehaldas, og utbetrast om det er behov for det. Elektrisk gjerde skal vere montert etter krav frå DSB.