0.5 mill. til Måløy Marine Ressurssenter

Kommunestyret i Eid vedtok samrøystes å støtte etableringa av Måløy Marine Ressurssenter med 500.000 kroner.

Viktig: Når vi no støttar etableringa av Måløy Marine Ressurssenter, kan vi kanskje forvente at også vi får støtte i våre planar om ein Virtuell Campus knytt til elektro- og automasjonsmiljøet, sa Stian Sandal (Sp). Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Frå før av har Sogn og Fjordane fylkeskommune løyvd 15 millionar kroner til Måløy Marine ressurssenter som eit eingongstilskot. Bremanger kommune har løyvd ein million. Formannskapet i Vågsøy kommune har ei positiv innstilling på tilsvarande beløp som det Bremanger har støtta med. Kommunestyret i Selje vedtok å løyve ein million til Måløy Marine Ressurssenter i kommunestyremøte den 11. april.