– Kritikken har stilna

Leiar i Oppvekst og kulturutvalet, Knut Tore Nes Hjelle (V) samanliknar Sagastad med Operahuset. Dei som den gangen var kritiske til Operahuset, dei høyrer ein ikkje så mykje til no.

BETYR MYKJE: – Eg trur Sagastad betyr mykje. Det er med på å trekkje folk til bygda, seier leiar i Oppvekst- og kulturutvalet i Eid, Knut Tore Nes Hjelle (V).  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

 

– Dei som er kritiske til dette, blir nok også stille, trur Nes Hjelle. Han viser til at det slett ikkje var alle som var einige i at kommunen skulle gå inn og bruke mykje pengar på Sagastad. Det var nok av dei som var kritiske. Sjølv er han overtydd om at satsinga er rett.