20 nominert til Drømmestipendet 2019 frå Sogn og Fjordane

Alexa er nominert

Alexa Valentina Rogdo Melheim (18) frå Eid er ein av tjue nominerte til Drømmestipendet 2019 i Sogn og Fjordane.

Nominert: Alexa Valentina frå Eid er nominert til Drømmestipendet 2019.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Straks er det sesongstart for utdeling av Drømmestipendet 2019. 1,5 millionar kroner skal i løpet av mai og juni delast ut til hundre unge kulturutøvarar som kvar får 15.000 kroner, samt diplom og mykje verdifull heider og synleggjering.

I Sogn og Fjordane er det 20 nominasjonar til Drømmestipendet 2019.

Utfordrar seg sjølv

Alexa Valentina har song på kulturskulen og jobbar med læraren sin med å forbetre det songmessige. Ho har alltid laga songar og dei kjem stort sett av seg sjølv utan forvarsel.

– Det er ofte ei spesiell kjensle som triggar ein ny låt, fortel ho.

Ho ønskjer å få ein karriere innan musikken og bestemte seg allereie i 8–9 års alderen at ho ville bli artist. Alexa Valentina er med på alt mogleg som skjer lokalt. Det kan vere opera eller musikal, solooppdrag eller duooppdrag med ei venninne. Ho føler det ofte er enklare å kommunisere gjennom musikken, og skriv heller ein gong om noko i staden for å seie kva ho meiner berre med ord.

Idol

Ho har også vore med på Idol 2018.

– Eg lærte utruleg mykje av det, og har berre blitt meir bestemt på at eg vil jobbe for å ha musikken som levebrød, seier ho.

– Alexa er ein talentfull ung musikar som har eit sterkt ønske om å drive det langt innan musikken, og ho har allereie gjort seg bemerka ikkje berre her i Eid kommune men på landsbasis, no sist med deltaking i Idol 2018 på Tv2 der ho kom med i topp 25, kommenterer Dan Aasebø, rektor i kulturskulen i Eid.

485 nominerte totalt

I år er 485 unge kulturutøvarar nominert til Drømmestipendet, som jubilerer i år: Dette er 16. året på rad at stipendet delast ut. 1,5 millionar kroner skal fordelast likt på 100 kunst- og kulturutøvarar. Kommunane nominerer så mange utøvarar dei sjølv ønskjer, fordelt på kategoriar dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og anna

Kommunar med stipendmottakarar bestemmer sjølv når i mai eller juni dei vil dele ut stipend. Dei bestemmer sjølv tid og stad, samt graden av kor hemmeleg det skal vere og overraskingsfaktor. Derfor offentleggjerast ingen samla oversikt over stipendmottakarar før i slutten av juni.

Viktige kroner

Stipendordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga ønskjer dei to samarbeidspartnarane å synleggjere kommunen sitt arbeid for barn og unge. Dei håper også at Drømmestipendet skal vere verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle unge kulturutøverar sine draumar.

Mottakarar av Drømmestipendet er ungdom mellom 13 og 20 år innan ulike kulturelle uttrykk. Målet med både nominasjon og stipend er at mottakarane skal få motivasjon til å utvikle seg vidare og høve til å få oppfylt nokon av sine kulturdraumar.

Inspirasjon

– Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd er opptatt av å styrke det kulturelle mangfaldet over heile landet. Vi trur Drømmestipendet bidrar til at talentfulle barn og unge får inspirasjon, verdifull synleggjering og oppmuntring til å dyrke talentet sitt. Samtidig fokuserer Drømmestipendet kor viktig det er at ungdom får gode rammer for kunst- og kulturopplæring i heimkommunen sin, seier prosjektleiar Lars Emil Johannessen i Norsk kulturskoleråd.

– Det er veldig gledeleg at Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping igjen kan heidre unge kulturtalent over heile landet. Talet nominerte viser at det spirer og gror godt lokalt på kultursida. Målet på sikt må vere at stipendet skal bidra til eit endå større mangfald av unge kunstnarar, seier seniorrådgivar Trond Olav Asperud, ansvarleg for Drømmestipendet hos Norsk Tipping.