Vilde og Anna lagar eigen julekonsert

Søndag 1. desember inviterer Vilde og Anna små og store til si eiga spesiallaga juleframsyning i Operahuset Nordfjord.

Vilde Hjelle og Anna Naustdal vil ta oss med på ei reise frå den fyrste snøen lavar ned og fram til sjølvaste julekvelden. Ei eiga spesiallaga juleframsyning 1. desember.   Foto: Pressebilde

Nyhende

I «Julehjerte med Vilde og Anna» har duoen fått med seg eit stjernelag av musikarar på scena, og saman vil dei leie publikum gjennom ei oppleving som garantert gjev den rette kjensla til jul.


Latter og ettertanke

Heile familien er inviterte til arrangementet, som passar både for store og små. På programmet står både eigne songar, kjende og kjære julesongar fortalt i ei ramme som gjev plass til både latter, glede og ettertanke.


Gler seg

  – Bli med oss på ei musikalsk reise; frå den fyrste snøen lavar ned, gjennom den magiske førjulstida fram til sjølvaste julekvelden, inviterer Vilde Hjelle og Anna Naustdal, som gler seg til å skape julestemning i storstova heime på Nordfjordeid 1. desember.  


Over heile landet

Sidan Vilde og Anna slo gjennom med låta «Vestlandet» i MGPjr i 2016, har dei spelt konsertar over heile landet. Det skal dei halde fram med utover våren og sommaren.


Nye låtar

Duoen syng og skriv songar som mange kjenner seg igjen i, og som betyr mykje for mange. Songane er melodiøse og fengande, med enkle og tydelege tekstar på norsk. Den aller nyaste låta, «Du og eg», er nettopp gitt ut. Før sommaren kjem Vilde og Anna med endå ein ny song, og når det lir mot vinter igjen, kan publikum gle seg til ein splitter ny julesong. 


Høg kvalitet

Operahuset Nordfjord er svært glade for at dei to unge, dyktige songarane lagar si eiga juleframsyning.

  – Vilde og Anna leverer lun og god underhaldning av svært høg kvalitet. Vi gler oss til å skape store opplevingar for heile familien saman med dei, seier operahusleiar Geir Holmen, som gler seg over at billettsalet er godt i gang, nesten åtte månader før arrangementet.