Rekordpåmelding til hingsteutstillinga 2019 på Nordfjordeid

Heile 43 hingstar i ringen

Hingsteutstillinga 2019 på Nordfjordeid har den største påmeldinga på over ti år. Totalt 43 hingstar skal i ringen, av dei heile 20 treåringar.

Hildegunn Starheim Remme er frå Eid og bur i Førde. Ho eig tre år gamle Terne Odin saman med Hans Petter Vereide. Hildegunn har hatt hingsten sidan han var føl og har trena han opp til utstillingar. I fjor gjekk Terne Odin til topps under unghestsjå på Breim, spiss i klasse 2 år, i konkurranse med sju andre toårshingstar. I år er den tre år gamle hingsten klar for si første mønstring i ringen på Nordfjordeid, i møte med 20 andre treåringar.   Foto: Arkiv

Nyhende

Hingstustillinga på Nordfjordeid blir i år arrangert 2. til 4. mai. Der heile 43 hingstar er påmelde. Ein rekord som ein må tilbake til 2008 for å finne høgare tal påmelding.