Om gammal fotohistorie

Eid pensjonistlag hadde ope møte på Eid kyrkjetun 13. mars.

Sosialt: Eid pensjonistlag hadde nyleg samling, der Lars Lunde heldt foredrag om gammal fotohistorie.  Foto: privat

Nyhende

Der var Lars Lunde invitert til å fortelje om arbeidet sitt med gamle bilete. Temaet for foredraget var "Historie og bilete", om lokale pionerar innan fotografyrket og elles om kva bilete kan fortelje oss om liv og lagnad i tidlegare tider.

Om lag 35 pensjonistar hadde møtt fram. Dagens foredragshaldar Lars Lunde har ei samling på over hundre tusen bilete som er lagra digitalt, og nokre av desse vart presenterte.

Det har blitt teke mange bilete, også lokalt, sidan det første fotografiet vart til i USA i 1839, og alle bilete har ei historie knytt til seg. Lunde understreka kor viktig det er at vi hentar fram gamle bilete som måtte finnast i skuffer og skap, og ved hjelp av dei eldste i familien prøver å tidfeste bileta, finne ut i kva høve bileta vart tekne og elles kven personane på bileta er. Han snakka elles om “minnedøden”, ein gløymer etter kvart både namn på personar og i kva situasjon bileta vart tekne, så det er viktig å ta tak i dette, før det er for seint.

Ei litt spesiell historie vart fortald i samband med eit bilete frå Grodås, frå den tida Eid og Hornindal var ein kommune.

Det var vanleg at det om vinteren låg is på Hornindalsvatnet i dei tider, og det islagde vatnet var såleis ein viktig ferdselsveg, også for lokalpolitikarar som skulle til og frå møte på Eid eller Grodås. Etter nokre vintrar med dårleg is på vatnet, var dette medverkande til at kommunen blei delt.

Lokale fotografar

Av lokale fotografar fortalde han m.a. om Jakob Kirkhorn, som etablerte seg i Molde i 1869, og som tok mange bilete med motiv frå Nord-Norge. Han tok også bilete i samband med bybrannen i Ålesund i 1904, og fekk på den måten dokumentert denne dramatiske hendinga for ettertida.

Isak I. Hellebust etablerte seg på Nordfjordeid, og skildra særleg miljøet i samband med den militære aktiviteten her, gjennom bileta sine. Lunde viste også bilete av Anders Bottolfsen Grodås, m.a. av Bellevue Hotell på Grodås frå 1890, som var bygd av Lars P. Navelsaker. Hotellet vart seinare rive og frakta til Nordfjordeid, der det vart sett oppatt, og vart starten på det som i dag heiter Bryggen Hotell.

Sivert Sefland utdanna seg til fotograf i USA og etablerte seg i Ålesund, men lèt etter seg mange tusen negativ med motiv få Eid/Nordfjord. K.K. Knudsen hadde basen sin i Bergen, men reiste mykje rundt i landet og fotograferte, det finst mange bilete med landskapsmotiv etter han.

Gjenskaping

Mot slutten av foredraget kom Lars Lunde også inn på korleis moderne teknologi kan gjenskape gamle bilete til “fordums prakt”, m.a. ved hjelp av eit “autoprogram” på data som kan finne att dei gamle, opphavlege fargane. Imponerande!

Leiar Marit Botn Lefdal takka for eit interessant foredrag og overrekte blomar, før alle reiste seg og song “Ja, vi elskar dette landet ...”, sidan det under foredraget hadde vorte vist mange bilete som hadde gitt ein kveik til nasjonalkjensla! Og så song vi bordverset etterpå, med trufast tonefølgje av Jon Inge og Dagfinn!

Spesiell aketur

Under “Ordet fritt”, fortalde Reidar Sørland om ein episode frå barndommen, då han under aking i stor fart på Hundeide skadde seg stygt. Kåre N. Os, som var postbod der i dei dagar, og som også var til stades på pensjonistmøtet, var den som fyrst tok hand om den skadde, og fekk han til sjukehus. Dette var ei dramatisk oppleving for vesle Reidar, han kom skrikande til sjukehuset og heldt fram med å belje høglydt opp trappene på sjukehuset og inn på operasjonsstova. Legen vart irritert og trua med å kaste han ut vindauget dersom han ikkje kunne teie still! “Men då vart eg still”, sa Reidar, “for eg hadde fått med meg at eg hadde blitt frakta opp fleire etasjar!”

Koordinerande organ

Mot slutten orienterte Marit Botn Lefdal om aktuelle saker i Eid pensjonistlag, m.a. om organiseringa av dei fire pensjonistlaga i Stad kommune, som i tillegg til laget i Eid er pensjonistlaga på Bryggja, i Selje og på Stadt. Laga skal halde fram kvar for seg som før, men på eit konstituerande møte den 4. mars på Bryggja, vart det skipa eit Arbeidsutval for pensjonistlaga i Stad kommune, som skal fungere som eit slags koordinerande organ for dei fire laga.

Astrid Henden nemnde elles at det skal skipast såkalla pårørande-utval i alle kommunar, og at dette er nedfelt i ei forskrift.

Per Steinar Myklebust las til slutt eit vakkert dikt, “Voggevise”, skrive av ein skulekamerat, før alle stemde i med “Det som ein gong var.” Og så var det ikkje meir.