Framleis uavklart framtid

Det er uro kring framtida til trafikkstasjonane i Sogn og Fjordane, ikkje minst no etter at det har kome for ein dag at Statens vegvesen har inngått intensjonsavtale om ei stor tomt på Moskog utanfor Førde.

Statens vegvesen, Nordfjordeid Trafikkstasjon  Foto: Arkiv

Nyhende

Eid-ordførar Alfred Bjørlo er uroa over kva følgjer dette kan få for trafikkstasjonen på Eid, og han stiller spørsmål om og korleis Statens vegvesen for forheld seg til den nye Regjeringserklæringa om at staten skal sjå heilskapleg på organisering av statlege arbeidsplassar, på tvers av etatar.