Felles råd eller ikkje

Diskusjon om unntak

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sendt ut høyringsbrev når det gjeld ny felles forskrift for råd for eldre, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og ungdomsråd.

FELLES MØTE I RÅDA: Bak frå venstre: Per Hagen, Nils Eivind Rognes, Åse Liv Lote, Odd Rune Heggen, Steffen Sørland, Daniel Navelsaker, Nils-Helge Løkling, Eskil Starheim, Janne Bjørhovde og Anne-Mari Aalberg. Sitjande framme frå venstre: Edel Johansen, Daniel Kongsvik Vindfjell, Tor André Myrstad og Oddbjørn Vikene.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Onsdag var dei tre råda i Eid samla for å gje høyringsuttale om denne saka. Dei tok utgangspunkt i uttale frå Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane, og det var særleg paragrafen som handla om felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne som vart diskutert.