Klassequizen

Elevane frå Eid vidare til landsfinale

Elevane frå Eid Ungdomsskule er klare for landsfinale i Klassequizen saman med Luster ungdomsskule.

Elevane på Eid Ungdomsskule sitt lag var. Frå venstre: Rebekka Halnes, Ingjerd Sundal og Daniel Navelsaker. Max Endal var reserve på laget.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

I fylkesfinalen  møttest Brekke barnehage og skule i Gulen, Luster ungdomsskule i Gaupne, Vågsøy ungdomsskule, og Eid ungdomsskule. I finalen vart det altså Eid og Luster ungdomsskular som hadde flest rette svar, og det blir dermed dei som representerer Sogn og Fjordane i landsfinalen. Totalt var det 37 skular som deltok i årets Klassequiz i vårt fylke.

Elevane på Eid Ungdomsskule sitt lag var: Daniel Navelsaker, Ingjerd Sundal og Rebekka Halnes. Max Endal var reserve på laget.