Barnefestival for barn og barnekor

Laurdag arrangerer KFUK KFUM Sogn og Fjordane barnefestivalen 2019 i Operahuset Nordfjord.

Barnefestival: Operahuset Nordfjord er i år arena for barnefestivalen 2019. 

Nyhende

Det blir musikalske sprell med TEAM SULEBAKK, GUTTA OG SERLINA, i tillegg til sirkus. Anna, Sindre og Vaarin frå Fjordane folkehøgskule viser først ei forrykande sirkusforestilling full av magi, akrobatikk, imponerande rockeringartisteri og sjongleringskunstar. Etter førestillinga kan små og store få prøve seg som sirkusartistar.

Det blir kjekke aktivitetar som hobby, lykkehjul, ansiktsmåling, ballongklovnerier mm i foajeen og tilstøytande rom.

Det vil vere open kafé der ein kan kjøpe enkel mat, kaker, kaffi, drikke og litt snop.

Biblioteket har ope også nokre timar.

Det heile blir avslutta med konsert i operasalen med deltakande kor, Team Sulebakk, Gutta og Serina.