Innovativ mekanikar

Oppfinnaren Arne Kjell Starheimsæter (52) har fått støtte frå næringsfondet i Eid til dekking av utgifter til vidareutvikling og marknadsføring av si eiga oppfinning Bin-lock.

GOD ORDEN PÅ DUNKANE: Heime hos Arne Kjell Stårheimsæter på Stårheim er dunkane plasserte mot husveggen i god orden.   Foto: Per Ole Lefdalsnes (POL)

Nyhende

Produktet han har fått eigen designbeskytta patent på, Bin-lock, er ei enkel og genial løysing på problemet med at vind tek tak i og knuser avfallsdunkar. Det er produsert av aluminium og rustfritt stål, er enkelt å montere på ein vegg, eit gjerde eller ein kløyvd stolpe, og held orden på avfallsdunkane. Dessutan vert jobben for renovatøren enklare.