Ei aktiv helg

Denne helga har det vore både skytestemne, svømmestemne og skiskyting i Eid.
Nyhende

Era Borgund (12) fekk med seg både skytestemne, svømmestemne og KM og krinsrenn på Harpefossen i helga. Fredag skaut ho på Nes, 231 av 250. Laurdag gjekk ho KM på Harpefossen der ho vart nummer fire, og reiste deretter til Eid Symjehall der ho persa i både 25m fri og 50 m fri. Søndag vann ho sprinten i skiskyting i klassa J 12 år.