Landstraum til cruiseskip

Ordføraren ber om møte med SFE

«Vi ser det som naturleg at vi i samarbeid med Sogn og Fjorande Energi (SFE) raskast råd får oversikt over om og korleis vi kan legge til rette for utbygging av landstraum for cruisetrafikk på Nordfjordeid.»

Eid-ordførar Alfred Bjørlo har bedt om møte med Sogn og Fjordane Energi/Sogn og Fjordane Energi Nett for å drøfte moglegheitene for landstraum til cruiseskipa som kjem til Nordfjordeid.   Foto: Anna Wuttudal

–Allereie i fyrste sesong er det meldt inn over 20 cruise-anløp med cirka 55.000 passasjerear. I 2020 vil talet anløp og passasjerar bli betydeleg høgare, og det er grunn til å tru at Nordfjordeid i løpet av få år vil bli mellom dei 15 største cruisedestinasjonane i Noreg, skriv ordføraren io brevet til SFE.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Dette skriv Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid kommune, i eit brev til  SFE/SFE Nett der ordføraren ber om eit møte for å drøfte eit eventuelt samarbeid om eit felles prosjekt for å utgreie moglegheitene for landstraum-anlegg for cruisetrafikk i Eid.

Felles miljøkrav

I brevet viser ordføraren til at Stortinget i mai i fjor bad regjeringa arbeide for ein internasjonal standard og etablere ein strategi for landstraum og ladestraum i dei største hamnene og cruisehamnene i Noreg innan 2025. Vidare at Enova i desember same år for fyrste gong delte ut midlar til investering i landstraum for cruiseskip-anlegg (Bergen).

–Nylig har 13 av dei største norske cruisedestinasjonane, mellom andre Flåm og Geiranger, samla seg om felles miljøkrav til cruise-næringa. I dette ligg det mellom anna at hamnene ynskjer felles reglar for bruk av landstraum for cruiseskip for alle norske cruisedestinasjonar med verknad frå 2025. Det er også i samband med dette sagt at landstraumanlegg må ha standardiserte grensesnitt for til- og fråkopling, slik at cruiseskip kan nytte same type utstyr i alle norske cruisehamner, heiter det i brevet frå Eid-ordføraren.

Statlege økonomiske bidrag

Ordføraren viser vidare til at utbygging av landstraum ved norske cruisehamner også blir støtta av den felles marknadsorganisasjonen for cruisedestinasjonane i Noreg, Cruise Norway.

–Det er samtidig ingen tvil om at dersom ein skal lukkast med ein slik strategi, krevst det betydelege statlege finansieringsbidrag i åra framover, skriv ordførar Bjørlo og viser til at det på Nordfjordeid nyleg er etablert ei flytande cruisekai av type SeaWalk, med fyrste driftssesong i inneverande år.

–Allereie i fyrste sesong er det meldt inn over 20 cruise-anløp med cirka 55.000 passasjerear. I 2020 vil talet anløp og passasjerar bli betydeleg høgare, og det er grunn til å tru at Nordfjordeid i løpet av få år vil bli mellom dei 15 største cruisedestinasjonane i Noreg. Saman med det allereie godt etablerte og sterkt trafikkerte cruiseanlegget i Olden vil dette gjere Nordfjord til ein betydeleg cruise- og reiselivsdestinasjon både i nasjonal og internasjonal målestokk, skriv ordføraren som konkluderer med at det difor er naturleg at Eid kommune i samarbeid med SFE raskast råd får oversikt over om og korleis vi kan legge til rette for utbygging av landstraum for cruisetrafikk på Nordfjordeid, på dagens Seawalk-kai i Nordfjordeid sentrum og/eller på djupvasskai på Løkjaneset.

–I fyrste omgang treng vi dette som eit avgjerdsgrunnlag for vidare prosess med tilrettelegging for landstraum og eventuelt samarbeid med statlege styresmakter om finansiering av eit slikt løft. Utgreiinga må sjølvsagt også skje i samarbeid med Port of Nordfjordeid/Seawalk Nordfjord. Dei er kjende med dette initiativet frå Eid kommune og er innstilt på å delta i ei slik forstudie eller forprosjekt, heiter det i brevet frå ordførar Alfred Bjørlo.