Leiar i Stad Venstre, Gunnar Terje Silden:

Harmoni – men Trine må gå

– Sjølv om det kan virke som om dei verste stormkasta i det medieskapte distriktsopprøret i Venstre har lagt seg, så er det mi klare oppfatning at Trine Skei Grande må gje klar melding på årets landsmøte at ho går av ved landsmøtet i 2020.

Venstreleiar: Gunnar Terje Silden, leiar i Stad Venstre, vil ha ro i partiet. – Difor meiner eg at det er viktig at Trine Skei Grande på det komande landsmøtet i 2019, seier klart frå at ho går av som leiar på landsmøtet i 2020. Alle foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier Gunnar Terje Silden, nyvald leiar i Stad Venstre, som er meiner at leiarar, om det er i næringsliv, fotball eller politikk, alltid måtte målast etter resultat. Den uroa som har vore rundt partiet den siste tida saman med dårleg oppslutnad er noko vi ikkje kan leve med i framhaldet, seier Silden.