Gler seg til fest

Fredag 15. februar arrangerer Eid musikklag storbandkonsert og fest i Valhall.

Eid musikklag: Denne gjengen i Eid musikklag ser fram mot storbandkonsert og fest i Valhall som blir arrangert fredag 15. februar.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

– Det blir ein skikkeleg storbandkonsert. Det vi speler er litt i den stilen, så det blir svingande musikk, seier Arne Sætre, leiar i Eid musikklag.

Gjennom heile hausten og vinteren har Eid musikklag øvd til storbandkonserten og festen i Valhall fredag 15. februar, og no er dei i ferd med å bli klar. Ifølgje Sætre er denne konserten det Eid musikklag skal gjere før vårkonserten og Elskhug og Eksis.

Til storbandkonserten tar Eid musikklag med seg dei tre solistane Alexa Melheim, Sunniva Flaten Brekke og Ingeborg Myklebust. I tillegg kjem det lokale bandet Cool Valley All Star Band for å spele opp til fest. Med dette blir det ifølgje leiaren i Eid musikklag ein svært variert konsert med både blues og jazzlåtar.

– Med denne storbandkonserten og festen vil vi prøve å lage til noko som er litt artig.

– Dette blir annleis enn det vi brukar å gjere. Vi gler oss veldig. Vi har brukt heile hausten på dette, så vi er veldig spelelystne, fortel Sætre.