Stårheim skule fekk besøk av ein lesargledar

Gjorde litteraturen levande for barna

I førre veke blei litteratur levande på Stårheim skule. Trond Strand spelte på mange strengar for å dramatisere ei barnebok.

Med enkle midlar kan ei barnebok bli gjort langt meir levande for barna. I førre veke kom lesargledar Trond Strand til Stårheim skule, der han mellom anna fanga elevane si interesse ved hjelp av denne slangen. Ein lesargledar kan også vere til inspirasjon for lærarane i undervisninga. foto: privat  Foto: Privat

Sogn og Fjordane bibliotek starta opp med ordninga lesargledar i 2015/2016. Trond Strand er ein av ni lesargledarar som kan nyttast her i fylket.  Foto: Privat

Bilde på storskjerm blir brukt når lesegledaren kjem på besøk.  Foto: Privat

Nyhende

Korleis gjere litteratur levande og spennande for barn? Dette er noko av motivasjonen når Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har sett i gang ordninga lesargledar. Det handlar om at ein person skal kome til skulen eller barnehagen for å fortelje historia i boka på ein levande måte.

I førre veke fekk småskulen på Stårheim eit slikt besøk. Der Trond Strand gjorde både slangen og dei andre figurane i boka levande. Hjelpemiddel var mellom anna bilde på storskjerm, ein slange og ein hatt.

Lesegledarordninga starta opp skuleåret 2015/2016 i samarbeid med Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Ordninga gir høve til å bestille ein lesegledar på besøk til skular, bibliotek, barnehagar, eller andre som ønskjer å få presentert nye bøker. Frå 2017 samarbeider Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane om å tilby Nynorske lesegledarar i dei tre fylka.

Fleire lesegledarar

I Sogn og Fjordane har vi fleire aktive lesegledarar, dei fleste med bakgrunn frå skule eller bibliotek. Lesegledarane er kursa av fylkesbiblioteket og Nynorsksenteret og har eit godt overblikk over ny barne- og ungdomslitteratur, spesielt den nynorske litteraturen.

Oppdrag

Ei lesegledarøkt er på inntil ein time og kan ha mange former og ulike tilhøyrarar, men med felles mål om å bidra til leselyst. Det kan dreie seg om ei lesestund for ei gruppe, presentasjon av korte smakebitar, eller framsyning av eit utval aktuelle bøker for målgruppa. Tema kan t.d. også vere kvifor lesing er viktig eller korleis ein kan leggje til rette for lesing. Alle lesegledarane legg opp lesegledarøkta etter nærare avtale med oppdragsgjevar.

Også til vaksne

Lesegledaren formidlar gjerne direkte til målgruppa, eller til vaksne som er mellom boka og barnet, som lærarar eller foreldre. Lesegledarane kan kome til barnehagen eller klasserommet, til biblioteket, foreldremøte eller personalmøte – eller til andre typar samlingar der ein ønskjer å få presentert barne- og ungdomsbøker for ei bestemt målgruppe.