Ein familie si flukt frå Syria

Ghaith, Adnan og Nasser Alkhalaf måtte flykte frå Aleppo i Syria grunna krigen som braut ut i 2011.

To år på Nordfjordeid: Nasser, Ghaith og Adnan Alkhalaf måtte flytte frå Syria då krigen braut ut. Etter eit par år i Libanon, fekk dei flytte til Norge. No har dei budd på Nordfjordeid saman med familien i litt over to år, og stortrivst i naturen og på Eid vidaregåande skule.   Foto: Olin Maria Yri

Tysdag 5. februar under den internasjonale dagen hadde dei tre også foredrag om reisa frå Syria for elevane ved Eid vidaregåande skule.  Foto: Olin Maria Yri

Trivst i naturen: Familien Alkhalaf er glad i naturen, og var samla til skileik og bursdagsfeiring på Stigedalen i januar. Ski hadde dei lånt av BUA.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Brørne Ghaith, Adnan og Nasser Alkhalaf er frå ein liten stad rett utanfor Aleppo i Syria. Der har dei budd saman med ein stor familie og eit stort fellesskap, heilt fram til dei måtte ta med seg ID-papir og sette seg på ein buss til Libanon på flukt frå krigshandlingane som herja i landet. I 2011 utvikla det seg nemleg ein borgarkrig i Syria. Og som med mange andre borgarkrigar, starta den i det små før den utvikla seg til ein krig der fleire land vart blanda inn.

I løpet av 2011 var det mange demonstrasjonar og opprør mot myndigheitene i Midtausten og Nord-Afrika. Bakgrunnen var eit ønske om å endre styresetta i landa, demokratisering, betre levekår og menneskerettar. Nasser fortel at i Syria starta det heile då det braut ut demonstrasjonar etter at nokre ungdommar vart arrestert for regimefiendtleg tagging på ein vegg. Folket demonstrerte mot undertrykking og president Bashar al-Assad, og det utvikla seg fort til ein brutal borgarkrig. Ghaith, Adnan og Nasser fortel at 21. august 2013 vart også kjemiske våpen tatt i bruk under eit angrep der fleire hundre vart drepne.

– Mange i familien vår reiste ut av landet, og sa til pappa at vi måtte gjere det same. Men vi budde i Syria fram til IS kom inn i bildet. Då vart det for farleg å vere der, for dei tok barn, fortel Ghaith.

Familien, som består av mor, far og ti barn, sette seg difor på bussen til Libanon. Turen frå Syria til Libanon skulle ta over 20 timar, i staden for sju timar som det normalt tar når det ikkje er krig. Dei tre brørne fortel om lange timar der bussen vart stoppa fleire gongar, og styresmaktene tok dei som var over 15 år ut av bussen og vekk frå familiane.

I Libanon

Då dei kom til Libanon fekk dei ikkje gå på skule, slik som dei hadde gjort då dei budde i Syria. Dei søkte mellom andre på ein FN-skule, men der var det berre dei som var under tolv år som fekk plass. Brørne var difor tidleg i tenåra då dei starta å arbeide i butikkar og restaurantar. Det var 14 timar lange dagar og lite lønn. Det er nemleg andre reglar for folket frå Syria som er busett i Libanon, ifølgje Ghaith.

– Vi kunne ikkje gå ute åleine etter klokka 20 på kvelden, og folk frå Syria får også mindre betalt enn lokalbefolkninga. I staden for å få 800 i lønn, så fekk vi kanskje 400.

Hausten 2016

Etter eit par år i Libanon og vanskelege forhold, fekk familien hjelp frå FN. Endeleg fekk dei reise frå Libanon, og den nye destinasjonen var Norge. Men grunna frykt for at styresmaktene i landet skulle nekte dei i å reise, vart dei informert om at dei ikkje kunne fortelje nokon at dei skulle reise og kvar dei skulle. I tillegg fekk dei informasjon om at dei måtte reise med posar. På flyplassane ville det vere personar som ville sjå desse posane og hjelpe dei vidare. Hjelp fekk dei heilt fram til dei landa på Sandane. Då dei stod med posane i hendene var der ingen som kom for å hjelpe eller ta dei i mot. Flyplassen var tom, fortel dei.

– Vi lurte litt på om vi måtte reise tilbake til Libanon, men heldigvis viste det seg at vi berre hadde kome eit par dagar tidlegare enn det dei som skulle hente oss hadde fått informasjon om.

Trivst på Nordfjordeid

No har Ghaith, Adnan og Nasser saman med familien budd på Nordfjordeid i litt over to år. Dei går på Eid vidaregåande skule og lærer norsk. Ghaith, Adnan og Nasser trivst godt på Nordfjordeid. Brørne er glad i naturen og spesielt fjella. Dei har fleire gongar overnatta i telt rundt om i fjella, og dei har nådd toppen av det høgste fjellet i Norge, Galdhøpiggen. I vinter har dei også vore mykje på Stigedalen og gått langrenn saman med resten av familien. Dei fortel at dei også har sette seg eit mål om å teste ut slalåm på Harpefossen.

Men den viktigaste trivselsfaktoren: På Nordfjordeid er det trygt. Dei må ikkje lenger sove inn til ein vegg om natta i tilfelle huset blir bomba og taket kollapsar. Dei kan gå ute åleine om kvelden. Og helikopter og fly betyr ikkje lenger skyting og bombing. Den første gongen dei var i Sagaparken fekk dei oppleve kontrastane mellom Nordfjordeid og Syria. Då dei tre sat å kosa seg, kom det eit ambulansehelikopter som landa på landingsstasjonen rett ved parken.

– Når det kjem eit helikopter eller eit fly i Syria betyr det at vi må gøyme oss. I Syria blir det brukt til skyting eller bombing. Her i Norge blir det brukt til å redde folk. Det tok litt tid å bli vand med det, men no går det bra, seier Adnan.