Nina frå Bergen skal utvikle sorenskrivargarden

Dagleg leiar på Leikvin

Nina Kristin Kristiansen frå Bergen er tilsett som dagleg leiar på sorenskrivargarden Leikvin.

Nina Kristin Kristiansen frå Bergen er designar og har i fleire år drive sin eigen design/livsstilsbutikk i Bergen. No gler ho seg til å få fart på sorenskrivargarden på Løkja.  Foto: Inger Træen

Nyhende

For to år sidan opna sorenskrivargarden Leikvin med nytt innhald. Etter oppussing av ti rom, kjøkken og andre rom, opna ny eigar Leif Karhs Jæger dørene for publikum i slutten av januar 2017. Det blei satsa på overnatting, kunstutstilling, arrangement/middag for selskap og andre kulturarrangement.