Missi Morfina heime etter ni månadar

Endeleg heime

Søndag kom katten Missi Morfina endeleg heim til familien Isene på Lote. Då hadde den vore vekke i ni månadar – etter å ha gått til Rand i Stryn.

GLEDE: Gledeleg gjensyn med familien då katten Missi Morfina kom heim etter ni månadar, her saman med Julie, Noa og Marte, og hunden Nano.   Foto: Privat

Ungane vart overlykkelege, og det har vorte mykje kosing med katten desse dagane.

Nyhende

– Utruleg gøy at den kom heim igjen no, seier matmor Heidi Herene Isene, om hokatten med det fengande namnet Missi Morfina. Katten dei hadde tidlegare heitte ikkje mindre fengande Ibux.

Trudde reven var på ferde

Sist sommar vart Missi Morfina plutseleg borte. Familien trudde det var raudreven som hadde vore på ferde.