Dalseth og Gymmen får tilskot frå næringsfondet

Bård Stian Dalseth (38) har skapt sin eigen arbeidsplass og skipa firmaet Dalseth Skog Og Vedlikehold.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

I sluttildelinga for Kommunalt næringsfond 2018 i Eid behandla TSU tre søknader. Dalseth Skog og vedlikehald fekk 62.500 kroner, mellom anna til nettside og profil. Dette er ei nystarta bedrift som driv med skoging, felling av vanskelege tre i hagar, hekktrimming og flisproduksjon.

Gymmen studio fekk 27.500 kroner til kompetanseheving og investering. Dei ønskjer å auke aktiviteten med mellom anna demoinnspeling for å gi eit betre tilbod til lokale artistar og band.