Flott og humoristisk russerevy

Fredag var det premiere på russerevyen 2019 i Operahuset Nordfjord.
Nyhende

Fredag var det klart for russerevy laga av russen ved Eid vidaregåande skule. Operahuset sitt 10-års jubileum skulle feirast med storslagen fest for heile bygda, i regi av Geir Holmen, Helga Didrikke Sundal, Ovar Holmen og Eirik Andreassen. Desse vart spelt av Adrian Hanebrekke, Siri Malene Ligia, Tor André Myrstad og Oddbjørn Karlsen. Lærarane ved Eid vidaregåande skule var ikkje heilt fornøgd med opplegget til dei fire tilsette i Operahuset, og ville også ha ein finger med i spelet.

Gjennom dei ti åra Operahuset har vore på Nordfjordeid har det skjedd mykje, og det vart tilbakeblikk på musikalar som Grease, Annie og Les Miserables. MGPjr vinnarane Vilde og Anna og Oselie var også med i revyen. Andre artistar og band som også kom for å feire Operahuset var Sigrid, One Direction, Karpe Diem og Eva Weel Skram. I tillegg stilte lærarane ved Eid vidaregåande skule opp med både lure planar og musikk. Spesielt Arild Heggen, spelt av Sivert Kolseth, og Ove Bjørlo, spelt av Sander Hammersvik Vederhus, hadde mange gode planar på lur.