Kven fortener gründerprisen for ungdom i 2019?

No kan du nominere kandidatar til gründerprisen for ungdom. Prisen på 50 000 kr skal stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablere nye verksemder og skape nye arbeidsplassar i fylket.

Vemund Elde var den siste som fekk Sogn og Fjordane fylkeskommune sin Gründerpris. Her flankert av Karen Marie Hjelmeseter (t.v.) (Sp), leiar i Hovudutval for kultur og næring, og fylkesordførar Jenny Følling (Sp)  Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Nyhende

Aktuelle kandidatar til gründerprisen må vere mellom 18 og 35 år og busett i Sogn og Fjordane. Verksemda må vere lokalisert i fylket og etablert i løpet av dei siste fem åra. Nyetableringa skal ha eit tydeleg forretningspotensiale.

Føreslå deg sjølv eller andre

Skjema for nominasjonar ligg på nettsidene til fylkeskommunen, saman med meir informasjon om kriterium for prisen. Du kan nominere di eiga verksemd eller nokon andre som fortener prisen innan 21. mars. Prisen vert delt ut på fylkestinget 24. april.

Juryen for prisen er samansett av representantar frå Innovasjon Norge, NHO, Fylkesmannen i Vestland og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Høgthengande pris

Gründerprisen for ungdom vart sist delt ut på fylkestinget desember 2017. Då gjekk prisen til Elde Cosmetics, som no sel hudpleieprodukta sine til land som Thailand, Australia og USA. Bedrifta held til i Førde og vart starta av gründeren Vemund Eldegard i 2009.

Tidlegare har mellom andre SGN Skies, Videonor og Moods of Norway vunne prisen.