Norges Handelshøyskole

Rekrutterer elevar frå Nordfjord

NHH-student Josefin Styve kjem neste veke til Dei vidaregåande skulane i Nordfjord.

Foto: Eivind Senneset, NHH  Foto: Eivind Senneset

Nyhende

Formålet med turen er å rekruttere elever til NHH, og gi dei råd om høgare utdanning og studiemoglegheitene som er i Bergen.

Prorektor for utdanning Linda Nøstbakken (biletet) ved NHH, understrekar viktigheita av å vere til stades på skulane.

– Nokre val er viktigare enn andre, og vi ønskjer å bidra til at elever i vidaregåande skular tek rett utdanningsval som gir dei ein relevant jobb. Ei utdanning frå NHH gir kunnskap om teknologi, økonomi og menneske – akkurat den kompetansen næringslivet etterspør, seier Nøstbakken.

– Det er mykje spennande som skjer i denne regionen. Samtidig veit vi at fleire av elevane i Sogn og Fjordane har sterke faglege resultat og høg motivasjon for læring. Dette er elever vi er opptatt av å rekruttere. Med ei utdanning frå NHH, kan dei bidra til å utvikle regionen vidare. Det er derfor svært viktig for NHH å være til stades her, seier Nøstbakken.