Fjord1 sitt verdikort går snart ut på dato

Dei største endringane etter innføring av Autopass for ferje er brikke og nye kort. Korleis du hanterer det finn du ut her.

Dirigerer: Kristian Hauge, matros på MF Gloppefjord, dirigerer trafikken ombord på ferja. Autopass til høgre og andre til venstre.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

 

Fram til 31. januar er det lagt til grunn ei overgangsordning ved bruk av gamle verdikort og storbrukarkort. Frå 1. februar må alle trafikantar som ønskjer rabatt ha ei fungerande AutoPASS-brikke i bilen. Brikka må vere plassert slik at den er lesbar for AutoPASS. På personbilar skal brikka plasserast øvst på innsida av frontruta. Om ruta har eit skravert felt ved spegelen, skal brikka plasserast der. Rundt brikka bør det vere 3–7 cm fri plass. Brikka skal ikkje hindre sikt, heiter det i meldinga.

Dei gamle ferjekorta kan ikkje nyttast på samband som har innført Autopass etter 31. januar. Fram til 30. mars kan ein fylle på verdikort og nytte desse fram til den 30. juni på andre samband som ikkje har innført brikke og Autopass.


Autopass har skapt

Utfordringar

 

Refusjon av verdikort

For å nytte denne løysinga må du levere kortet til ein billettør på ei Fjord1 ferje. Billettør vil gje deg kvittering med pinkode og kortnummer. For å få att det ein har til gode, så må ein registrere opplysningane i skjema på Fjord1 sine nettsider. Dersom alle opplysningar er registrert korrekt vil restbeløp og kortpant bli refundert til bankkonto innan to virkedagar.

Dersom ein har problem med å registrere opplysningar i skjemaet så kan ein ta kontakt med Fjord1 på telefon.