– Det var mykje verre før

HENTAR MJØLK: Tankbilsjåfør Olav Hatlenes hentar mjølk hjå bonde Arne Knut Ohrvik på Furefjerding. Denne dagen måtte han først skifte om til reservebil på grunn av oljelekkasje, og det var plunder med å få tappe mjølka fordi det var luft i systemet. Snøen lava ned, og kjetting måtte etter kvart på. Ferjene var tidvis innstilte, og det vart ein lang dag.  Foto: Anna Wuttudal

Det er så mange fine naturopplevingar.

Nyhende

Det nye året starta med ruskevêr. Det har gått ras, vegar har vore stengde og ferjer har vore innstilte på grunn av vêrforholda. Mange av oss har høve til å ta verda med ro og halde oss mest innandørs når det ruskar som verst, men for mange yrkesgrupper er kvardagen annleis. Dei må ut på vegane for å utføre sitt arbeid. Ein av dei er tankbilsjåfør i Tine, Olav Hatlenes.