Flott og variert juleavslutning

Torsdag hadde elevar og lærarar juleavslutning med juleprogram i Operahuset Nordfjord.
Nyhende

Det er tradisjon at elevar og lærarar i 9. klasse ved Eid ungdomsskule inviterer til juleprogram i Operahuset Nordfjord. Torsdag var store deler av Operahuset fylt av føresette og slekt til elevane. Programmet i år var flott og variert, med mange ulike innslag. Det var alt i frå sketsj og video til turn, dans og musikk.