Krev handling for å betre tilhøva innan eldreomsorga

Landsstyret i Pensjonistforbundet vedtok nyleg ein resolusjon om forholda i eldreomsorga.

ELDREOMSORGA: Leiar i Eid pensjonistlag, Marit Botn Lefdal er oppteken av at forholda i eldreomsorga må bli betre. 

Nyhende

Bakgrunnen er at Riksrevisjonen nyleg har avslørt store manglar i eldreomsorga, og landsstyret i Pensjonistforbundet krev difor omgåande handling for å utbetre forholda. Dei krev at kommunane må bli sett i stand til å utøve eldreomsorga, slik at sikkerheita til pasientane vert ivareteke.

Framstår som tilfeldig

Rapporten frå Riksrevisjonen som omhandlar dette, «Riksrevisjonens undersøkelse av tilgjengelighet og kvalitet i eldreomsorgen», vart levert til Stortinget 20. november.

I rapporten kjem det fram at det er store utfordringar med pasientsikkerheita i eldreomsorga.

– Eldre pasientar sine ønske og behov er ikkje godt nok utgreidde, og tildelinga av helse- og omsorgstenester framstår som svært tilfeldig. – Brukarane blir ikkje høyrde i saker som vedkjem dei, og tilsette har mangelfull kunnskap om samtykkjekompetanse og klagerettar for eldre. – Det er låg tilsynsaktivitet, lite forsking og få gode kvalitetsindikatorar, går det fram av rapporten.