Nordfjorden i tre

Fredag går Gro Gjerdevik rundt på Amfi og samlar inn fingeravtrykk på ei utskjering av Nordfjorden.

Gro Gjerdevik samlar inn fingeravtrykk på utskjeringa av Nordfjorden.   Foto: Olin Maria Yri

Åse Huse (t.v.), Kathrine Berg og Gro Gjerdevik (t.h.) kom opp med ideen.   Foto: Olin Maria Yri

Før klokka 10:30 hadde Gro Gjerdevik samla inn 50 avtrykk allereie.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

– Det passa bra i forbinding med Kulturnatta. Det blir koseleg å sette farge på fjorden, seier dei tre Gro Gjerdevik, Kathrine Berg og Åse Huse.

I samarbeid med Eid vidaregåande skule, BergArt og Åse Huse inviterer Amfi Nordfjord store og små til å vere med å sette farge på ei utskjering av «Nordfjorden» med fingeravtrykk i ulike blåfargar fredag. Med utgangspunkt i Kathrine Berg sitt smykke av Nordfjorden har elevar ved Eid vidaregåande skule laga Nordfjorden i tre. Etter at Nordfjorden er fylt med fingeravtrykk skal Åse Huse lage ein installasjon av verket som blir stilt ut og hengt opp på Amfi.

Ideen om å sette farge på Nordfjorden, kom Gjerdevik, Berg og Huse på i fellesskap ettersom dei hadde lyst å gjere noko i forbinding med Kulturnatta. Dei hadde høyrt om nokre som hadde laga fingeravtrykk på tre, og vart inspirerte.

– Saman får ein ting til, er dei tre samde om.

– Vi er i eit område der folk er glade i kultur, og det er ein gjeng med ja-folk i kommunen. Det er veldig kjekt, legg dei til.