Kragset Eigedomsmekling selt til Eiendomsmegler Vest

Utvidar i Nordfjord

Kragset Eigedomsmekling blir ein del av Eiendomsmegler Vest og utvidar i Nordfjord.

Magne Storheim, Regionleiar EM Vest (t.v.) saman med tilsette i Kragset Eigedomsmekling Hege Kiperberg, Andre Kragset, Regine Nesheim, Anita Arnesen Kragset, Dagleg leiar KE, Johnny Kragset, Fagansvarleg KE, og Veslemøy Tvedt Fredrikssen, Adm.dir EM Vest (t.h.).  Foto: Pressefoto

Nyhende

Frå 1. januar 2019 endrar Kragset Egedomsmekling namnet til Eidendomsmegler Vest og utvidar verksemda i Nordfjord. Dei vil framleis halde til i «Gamlebanken» sentralt i Volda, men utvidar no også sørover. Kragset Eigedomsmekling, som vart etablert i 2008, feira nyleg ti år, og har seks tilsette. Bedrifta har ein marknadsandel i Volda på 70 prosent og 40 prosent i Ørsta.  

– Vi er stolte over å få dei dyktige medarbeidarane i Kragset Eigedomsmekling med på laget, seier regionsleiar Magne Storheim i Eiendomsmegler Vest.

Behov

Eiendomsmegler Vest skriv i pressemeldinga at dei har sett at det er behov for meklarkompetanse i Nordfjord, der eigarbanken Sparebanken Vest er godt etablert.

–Ved å bli ein del av Eiendomsmegler Vest jobbar vi i eit føretak som tenkjer på heile Vestlandet og som gjev oss den naudsynte tyngda til å utvide, seier dagleg leiar Anita Arnesen Kragset, i Kragset Eigedomsmekling. 

Marknaden i Nordfjord

I januar når Kragset Eigedomsmekling bytar namn til Eiendomsmegler Vest og utvidar, er planen å fokusere stort på Nordfjord, ifølgje eigedomsmeklar og fagansvarleg i Kragset Eigedomsmekling, Johnny Kragset.

– Det blir eit fokus på marknaden i Nordfjord. Kva den vil føre til med tanke på lokalisering er ikkje fast bestemt enno. Sparebanken Vest er lokalisert i Stryn, Eid og Måløy, så det er naturleg at vi lokaliserer oss der. 

Sjølv om Kragset fastslår at det ikkje er bestemt kvar dei skal lokalisere seg enno, fortel han at målet blant anna er å lokalisere seg i Eid.

– Målsetninga er at vi kjem til Eid, heilt klart. Frå Eiendomsmegler Vest blir det eit stort fokus på bidra  når det gjeld eigedomsmarknaden og tenester i den samanheng.

– Det er ein stor marknad i Nordfjord, og vi veit at behovet ligg der. Dette behovet kjem også til å vakse i framtida, fortel Kragset.