First Lego Leauge

Klare med ny robot

9. klasse ved Davik oppvekst er klare for First Lego Leauge på Nordfjordeid komande helg, der dei stiller med ny sprek robot.

Davik oppvekst: Niandeklassingane er klare for First Lego Leauge på Nordfjordeid komande helg.  Foto: Privat

Vi har bygd ein spennande robot, og er i gang med å få til fleire av oppdraga.

Nyhende

Dei skal delta på FLL-finalen som er på Nordfjordeid 10. november.

– Der skal vi halde presentasjonar om kva vi har gjort gjennom dette prosjektet, fortel dei.

Verdsrommet er tema

Eit av kriteria er å marknadsføre laget og forskingsproduktet deira. Årets tema er Into Orbit, altså verdsrommet.

– Dette er eit spennande, men også svært krevjande tema. Tidlegare tema har vore noko ein har kjennskap til som boss, steinras og vatn. Utfordringa med Into Orbit er at ingen av oss har vore i verdsrommet, fortel niandeklassingane.

Spennande robot

Dei er 16 elevar i klassa si.

– Vi begynte å jobbe med dette i begynnelsen av oktober der vi måtte skrive søknad til kva gruppe vi skulle vere med på. Der vi kunne søke oss inn på teknologi, marknadsføring og forsking, seier dei.

Teknologigruppa byggjer ein legorobot som skal løyse oppdrag på ei bane. Elevane frå Davik har i år bygd ein spennande robot, og er i gong med å få til fleire av oppdraga.

God tru

Forskingsgruppa skal lage eit produkt som kan forbetre kvardagen til astronautane, samtidig som det skal vere til nytte for menneska på jorda.

– Vi kan ikkje heilt røpe kva vi har forska på, men vi har valt å fokusere på helsa til astronautane. Utfordringa er at teknologien dei nyttar i verdsrommet er svært avansert. Vi har derfor teke kontakt med både fysioterapeut, lege, sentralsjukehuset i Førde og Sensornor. Dei har kome med gode innspel. Det vi kan røpe er at vi har svært god tru på produktet vårt.

Marknadsføringsgruppa skal marknadsføre produktet og laget.

First Lego Leauge vert arrangert i Operahuset på Nordfjordeid 10. november. Eid vidaregåande skule er arrangør. I år deltek det lag frå Hornindal, Eid, Bremanger, Vågsøy, Årdal, Ørsta og Volda.