Formannskapet går for Kyrkjeparken

Eit stort fleirtal i formannskapet i Eid støtta OK-utvalet si innstilling om å plassere trampolinepark i Kyrkjeparken. Siri Sandvik (Ap) ville det annleis.

FEKK IKKJE STØTTE: Siri Sandvik (Ap) ville sjå trampolinepark i samanheng med opprusting av skuleområde.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende


– Vi har ein utruleg anstrengt økonomi og må sjå ting i samanheng. Det vil vere råflott å å ikkje gjere det, påpeika Siri Sandvik (Ap) som fremja forslag om å sjå trampolineprosjektet i samanheng med opprusting av uteområde ved Nordfjordeid skule. Ho argumenterte med at sjølv om dette er eit eige prosjekt, så er det same pengesekken ein må ta av. Forslaget om å sjå det i samanheng med skulen, fekk berre hennar eiga røyst.


Stort engasjement for trampolinepark

Vil ha den i kyrkjeparken

 

Fleirtalet i formannskapet argumenterte med at trampolinar i Kyrkjeparken handlar om folkehelse og om å gjere sentrum attraktiv. Det vart lagt vekt på at ein må ha Nordfjordeid skule som eige prosjekt, også der er det mogeleg å søkje om spelemiddelfinansiering. I Kyrkjeparken er det god plass og trampolinane kan brukast 24/7 av alle som ønskjer det. Det vart imidlertid peika på at ein må få ei avklaring når det gjeld helikopterlandingsplassen. Kor vidt ein faktisk finn pengar til trampolineprosjektet er enno ikkje avklart.