Vil ha vekk eigedomsskatten i Selje

Eigedomsskatten i Selje står igjen på sakslista til Rådet for eldre og funksjonshemma.

Eigedomsskatten i Selje står igjen på sakslista til Rådet for eldre og funksjonshemma.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Medlemmar i Rådet for eldre og funksjonshemma i Selje kommune har ved fleire høve blitt kontakta av personar som har gitt uttrykk for at dei har vanskar med å betale eigedomsskatten som dei er pålagt av kommunen. Selje kommune har tidlegare vedteke å påleggje innbyggjarane i kommunen eigedomsskatt på bustadar. Satsen på eigedomsskatt er no på fire promille. Eigedomsskatt er etter Rådet for eldre og funksjonshemma si meining ein heilt urimeleg skatt, som ikkje burde vore innført i kommunen.

Tysdag skal rådet handsame saka. Det ligg i korta at rådet vil be politikarane i Selje kommune fjerne den vedtekne eigedomsskatten heilt.