Låg arbeidsløyse i Eid kommune

Eid kommune er femte best i fylket når det gjeld låg arbeidsløyse. Fylkesvis har Sogn og Fjordane lågaste arbeidsløyse i landet.

Eid kommune ligg på 5. plass i fylket i høve til låg arbeidløyse. Sogn og Fjordane er det fylket i landet med færrast arbeidsledige.   Foto: Arkiv

Nyhende

I Eid kommune er 0,9 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid. Det gjer Eid til den femte beste kommunen i fylket.

Medan Eid har 0,9 prosent arbeidsløyse, er 1,5 prosent av arbeidsstyrken i Selje utan arbeid. Dette viser ferske Nav-tal for oktober i Sogn og Fjordane.

Best i Sogn og Fjordane er Hornindal med 0,5 prosent arbeidsløyse, medan Bremanger har flest arbeidsledige i heile fylket, til liks med Florø. I dei to kommunane er 2 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid.

I Stryn er talet 1,1 prosent, i Gloppen 1,0 prosent og Vågsøy 1,6 prosent.

I Sogn og Fjordane samla er arbeidsløysa på 1,3 prosent. Den lågaste arbeidsløysa i landet, når ein ser på fylkestala. Det er aldersgruppene over 30 år som har størst nedgang. I yngre alderssgrupper er arbeidsløysa litt aukande.


Utan arbeid i prosent av arbeidsstyrken, kommunar i fylket:

Flora 2%

Bremanger 2%

Hyllestad 1,7%

Lærdal 1,6%

Vågsøy 1,6%

Høyanger 1,5%

Naustdal 1,5%

Selje 1,5%

Askvoll 1,4%

Førde 1,4%

Jølster 1,3%

Sogndal 1,2%

Gulen 1,1%

Aurland 1,1%

Gaular 1,1%

Stryn 1,1%

Solund 1,0%

Årdal 1,0%

Gloppen 1,0%

Balestrand 0,9%

Leikanger 0,9%

Eid 0,9%

Vik 0,8%

Fjaler 0,7%

Luster 0,6%

Hornindal 0,5%


Fleire kvinner utan arbeid

Kvinner har ein auke på 13 prosent fleire utan arbeid, i høve til oktober i fjor her i fylket.

Auken mellom kvinner er størst innan butikk- og salsarbeid, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.

Menn har ein nedgang på 12 prosent færre ledige. Dette har samanheng med at det er 58 færre ledige innan industri, bygg og anlegg, i høve til same månad i fjor.