Imponerande og høge svev

Laurdag og søndag arrangerte Eid IL turngruppa kretsmeisterskap for rekruttar, junior og senior.

i lufta: Strak salto med halv skru var blant hoppa under KM.  Foto: Olin Maria Yr

Nyhende

I helga vart det arrangert kretsmeisterskap i turn i Eidahallen, der deltakarar frå Årdalstangen, øvre Årdal, Skavøypoll, Sandane og Eid konkurrerte som både rekrutt, junior, senior. Arrangør Eid IL turngruppa stilte med eitt rekruttlag beståande av seks jenter: Amanda Challen (12), Marion Remme Stoddern (11), Kristine Stokkenes Grov (11), Eline Tolaas (11), Tale Oppedal (12) og Matea Myrold Haavik (12). Dei seks rekruttane har turna frå tre til seks år, men dette var første gong dei skulle vere med på KM og dei gledde seg aller mest til tumblinga, ettersom dei aldri hadde turna på «ei ekte tumblingmatte før». Sjølv om det var første gongen dei var med å konkurrerte, så var dei ikkje særleg nervøse.