Budsjettmanko tilsvarar 40 stillingar

Rådmannen i Eid, Åslaug Krogsæter, vedgår at ho ikkje søv veldig godt om natta. Det kan bli naudsynt å sei opp tilsette for å kome i mål med 2019-budsjettet.

BUDSJETTINNSPURT: Det går mot nokre intense veker for både administrativ og politisk leiing i Eid kommune. Alvoret vart understreka av rådmann Åslaug Krogsæter (t.v.) i formannskapet sist torsdag. Då var det varaordførar Kirsti Ohrvik Olsen (V) som leia møtet i ordførar Bjørlo sitt fråvær.  Foto: Anna Wuttudal

MÅ NED: Gunvald Ludvigsen (t.h) er klar på at lønnskostnadene i Eid kommune må ned.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

I løpet av denne veka skal rådmannen i Eid legge fram eit saldert budsjett, som er rådmannen sitt forslag til korleis ein skal løyse dei store økonomiske utfordringane som kommunen står overfor.

Utgangspunktet er at ein i Eid manglar 27 millionar kroner i 2019 for å halde fram drifta på dagens nivå. Og verre blir det utover i økonomiplanperioden. Forventa resultat i 2020 er minus 36 millionar kroner, aukande til manko på over 40 millionar kroner i åra 2021 0g 2022, dersom ein ser kommuneøkonomien i Eid kommune framskrive isolert sett. Og dette oppsettet er basert på minimalt med nye investeringar, det vil seie at ein ikkje aukar lånegjelda ytterlegare i perioden, men at den heller går litt ned.

– Ein stor dugnad

Ifølgje kommunalsjef Elin Leikanger er dei samla kostnadene med ei stilling i Eid kommune gjennomsnittleg 650.000 kroner. Det inneber at dersom ein skal ta heile innsparinga i 2019 ved å kutte i talet på tilsette, så tilsvarar det 40 stillingar.

Slik blir det sjølvsagt ikkje, men signala er at ein ved naturleg avgang, så lagt som råd må prøve å erstatte stillingar som blir ledige med andre som ein allereie har i organisasjonen. Det inneber at somme tilsette kan få nye arbeidsoppgåver.

Rådmann Åslaug Krogsæter utelukkar heller ikkje at det kan bli aktuelt å sei opp tilsette, men det vil ein i det lengste prøve å unngå.

– Det blir ein stor dugnad. Og det må takast upopulære avgjersler, varslar rådmannen.

Eid kommune har høg lånegjeld, og rådmannen opnar for å diskutere om ein skal bruke av midlane sett av til «aktiv forvaltning» til å betale ned gjeld. Det vil lette litt på trykket når det gjeld kapitalkostnader, men vil samstundes redusere mogeleg avkastning til bruk i drifta.

Ein kan også spare noko ved å utsetje planlagde investeringar, og der ligg eit betydeleg potensial for inntekt i å auke den upopulære eigedomsskatten.

Ser Selje og Eid i samanheng

Kommunane Eid og Selje, som snart blir Stad kommune, har Ole Starheim som felles økonomisjef. Selje har prosentvis liknande utfordring som Eid. Krogsæter opplyser at ein allereie i 2019-budsjettet vil sjå dei to kommunane i samanheng, for å sjå om der kan vere innsparingar som kan gjerast allereie no. – Når det gjeld struktur, så har ein låst seg og har sagt at ein ikkje skal gå laus på slike prosessar no. Strukturen er freda til ein slår seg saman og gjer ei samla vurdering, men det kan vere snakk om å effektivisere og samordne tenester i Eid/Selje raskare enn det som ein hadde tenkt.

To intense dagar

Eid-rådmannen har teke med seg kommunalsjefane og stabsleiarane til Øye i Norangsdalen der dei skal konsentrere seg fullt og heilt om budsjettarbeidet. Det er øvste leiing i Eid og Selje som er samla for å samarbeide om saldering av budsjetta for kommunane Eid og Selje.

Onsdag vert forslaget lagt fram og diskutert med hovudtillitsvalde, hovudverneombod og avdelingsleiarar før politikarane torsdag får framlegget frå rådmannen til balansert budsjett på bordet. Då startar det politiske budsjettarbeidet med prioriteringar for fullt.

– Lønnskostnadene må ned

I formannskapet torsdag var det Gunvald Ludvigsen (V) som klarast gav uttrykk for at ein er nøydd til å innrette seg etter dei økonomiske realitetane. Han peika på at driftsnivået i Eid kommune er for høgt, lånegjelda er høg og medfører høge kapitalutgifter.

Redusert tal flyktningar gjev redusert flyktningtilskot og Ludvigsen var klar på at det då må vere ein omgåande konsekvens at det apparatet som er bygt opp må sjåast på. Ein må få på bordet forventa effekt av nytt bygg og meir effektiv drift og ein må ta ut samordningseffekt Eid-Selje.

– Viss ein skal hente inn millionar, er det heilt nødvendig at lønnskostnadene må ned, talet på personar må ned, påpeika Ludvigsen. Han meiner at alle sektorar må bidra.

– Vi må ta ned driftskostnadene. Vi må ta ned lønnskostnadene. Vi må førebu oss på dei prosessane som eventuelt må til, poengterte også rådmannen. Ho håper at det kan føregå utan stor dramatikk.

Hyl og skrik

Tore Hjelle (H) peika på dårlege erfaringar frå tidlegare, som då dei kom med forslag om felles rektor.

– Om ein foreslår små ting, så er det hyl og skrik og 100 brev frå organisasjonane. Korleis få felles forståing for å ta i eit tak, undra Hjelle som var oppteken av korleis ein kan få med organisasjonane.

Siri Sandvik (Ap) kom med innspel om faste vikarar innan pleie og omsorg, og Ap ønskjer å få oversikt over  økonomiske konsekvensar av redusert halleige for barn og unge.


Manglar i utgangspunktet 27 millionar kroner

Arbeidet med neste års budsjett i Eid er godt i gang.



Budsjett og økonomiplan for Eid kommune

Utfordringa er større enn venta