HSU ønskjer løpande orientering

  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Fellesnemnda for Stad kommune byrjar allereie i 2019 med budsjett og økonomiplan for den nye kommunen som skal vere oppe og gå i 2020.

Helse- og sosialutvalet i Eid ber om å bli løpande orientert. Utvalet ønskjer at prosessen i Stad2020 vert eit fortløpande og fast orienteringspunkt i utvalsmøta i 2019

– Det er mange institusjonar, og korleis ein skal utnytte kapasiteten, det må politisk forankrast, poengterer leiar i helse- og sosialutvalet i Eid, Lars-Svein Drabløs (Frp).