Nordfjord får truleg desentralisert sjukepleieutdanning

Nordfjordkommunane får truleg tilbod om 12–14 plassar desentralisert sjukepleieutdanning frå hausten 2019.

POSITIVT MØTE: Kommunalsjef i Eid, Kari Krogh fortel om positivt møte med Høgskulen Vestlandet vedkomande desentralisert sjukepleieutdanning i Nordfjord.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Desentralisert høgskuleutdanning var tema på eit møte på Nordfjordeid nyleg der representantar frå Høgskulen Vestlandet og sjukepleieutdanninga i Førde var til stades.

Høgskulen Vestlandet legg opp til å ta opp 85 studentar til desentralisert sjukepleieutdanning i 2019, og ein del av desse plassane prøver ein no altså å få på plass i Nordfjord. Samlingane er tenkt lagt til Eid vidaregåande skule, der Eid kommune har avtale om å leige 250 kvadratmeter som kan vere base også for vidareutdanning.

Tilpassa tilsette

Dette er utdanning som ikkje går under Samordna opptak, men som er tilpassa tilsette i kommunane som ønskjer å ta slik vidareutdanning i kombinasjon med jobb.

Kartlegging

Kommunalsjef i Eid, Kari Krogh orienterte i helse- og sosialutvalet om saka, og fortalde at det har vore gjennomført ei kartlegging i seks Nordfjord-kommunar, og det er registrert 43 interesserte, derav 10 i Eid.

Utveljing

Det vil i samarbeid med høgskulen bli gjennomført ein utveljingsprosess, og dei som får tilbodet vil måtte binde seg til vidare arbeid i kommunane.

Krogh fortalde at erfaringa er at 80 % som tek slik desentralisert utdanning blir verande.

Deltidsutdanning

Det vert frå kommunen si side også jobba med å sjå på om ein kan få på plass nokre studentar til deltidsutdanninga som er innan sjukepleie i Førde. Dette er eit tilbod som ligg inne under vanleg Samordna opptak.