Store konsekvensar – har engasjert advokat

Dagleg leiar i Eid Industrihus, Svein Otto Melheim melder om forseinking og omfattande økonomiske avvik i samband med bygging av Sagastadbygget. Det er førebels ikkje klarlagt kven som skal betale ekstrarekninga.

FORSEINKA: Opphavleg framdrift for ferdigstilling av Sagastadbygget var 15. oktober. Konsekvensjustert framdrift for ferdigstilling av bygget er no sett til 15. april, og millionane rullar på. 

Nyhende

Grunnlag og konsekvensar som underbyggjer varsel om reklamasjon har etter kvart blitt så omfattande at byggherren har engasjert advokatkontoret Harris om bistand.