Kåra vêrlam som skal føre sauehaldet vidare

Laurdag stilte åtte sauebønder ut sine beste vêrlam. Tretti av 36 stilte vêrlam vart kåra. – At berre seks av vêrlamma vart vraka er eit godt resultat.

Best in show: Einar Helge Haugstad fekk både første og andre premie i kåringa av beste vêrlam.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det sa hovuddommar Audun Nedrebø (71), som har vore dommar dei fem siste åra under vêrlamutstillingar/kåringar arrangert av Eid Sau og Geit. Hovudformålet med denne type kåringar, er å få plukke ut dei vêrlamma som har dei beste avlseigenskapane, slik at ein kan halde oppe eit sunt, godt og godt og berekraftig sauehald.