Flatraket skule feira 60 år

I år fyller Flatraket skule 60 år og feira seg sjølv med jubileumsfest sist torsdag.

Engasjert skulekor: Under leiing av dirigenten Vigdis Gjengedal opna skulekoret festkvelden med fynd og klem.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

Det er ein livskraftig 60-åring som jubilerer i ei bygd der alle piler peikar oppover. Unge godt utdanna folk flytter til bygda, byggjer seg hus og får barn. Slik sikrar dei eksistensen til skulen som er den minste i Selje og vil bli den minste i nye Stad kommune.

Rektor optimist

Rektor på skulen har vore Ellen Rundereim dei siste sju åra. I velkomsttalen sin la ho vekt på at sjølv om skulen ikkje er så stor, har dei stabile og velutdanna folk i staben, og i barnehagen er det for tida om lag 30 barn, noko som lovar godt for rekrutteringa framover.