Statsbudsjettet 2019 - dei store linjene om lag som venta

Glad for inntektsvekst

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er glad for at både Eid og Selje kommunar prosentvis får relativt bra auke i overføringane.
Nyhende

Dei store linjene er ifølgje ordføraren om lag som venta, men medan kommunane i Sogn og Fjordane gjennomsnittleg får ein prosentvis auke i dei frie inntektene på 2,8 %, får Selje 4,9 % og Eid 4,2 % vekst. Berre Balestrand får større prosentvis vekst her i fylket.

Bjørlo er også glad for at det er sett av midlar, slik at framdrifta for ny Skipenes bru blir gjennomført i tråd med planane.

Ikkje overraska

Når det gjeld Stad skipstunnel, så er Bjørlo ikkje overraska over at det ikkje kom pengar til dette prosjektet no. Årsaka er KS2, og at det er trong for meir tid til ein gjennomgang av den.

Eid-ordføraren ser ikkje på dette som kroken på døra for skipstunnelprosjektet, men han understrekar at det no framover er trong for eit sterkt tverrpolitisk trykk. Det må kome ei avklaring tidleg i 2019 dersom ein skal vere klar til byggestart i 2021.

Bjørlo er klar over at det er ein del nede i Oslo som gjerne ser at prosjektet kokar bort i kålen. Han forsikrar om at han sjølv kjem til å jobbe knallhardt for å få skipstunnelen realisert. Bjørlo peikar på at det er gitt så mange løfte at det etter hans vurdering ikkje er nokon veg tilbake. Det handlar om å få forståing nasjonalt for at skipstunnelen er eit viktig nasjonalt prosjekt.

Ikkje forslag om kutt i år

Av positive ting i statsbudsjettet er Eid-ordføraren glad for at Norsk Fjordhestsenter får behalde nivået på sine overføringar og ligg inne med 2,5 millionar kroner i 2019.